Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 6. februar 2010

Vandring og sjelevandring

Hos oss er det himmel eller helvete. Desse hinsides arenaene der  sorteringa er strengare enn karakterskalaen eg nytta ved fysikkprøvane. Det er ikkje snakk om å verta vurdert som ein trear. Nei anten er det 6 eller 0. Hos St Peter slepp berre dei med 6-ar inn. Nett som på odontologistudiet i Bergen i 1963. 
I Buddhaverda er ein meir fleksibel og pragmatisk. Ein finn tilpassa løysingar for den einskilda. Heile karakterskalaen blir på eit vis nytta. Har ein nådd Nirvana er det greitt, mest som å få ein 6-ar. Då slepp ein den runddansen som sjelevandringa inneber.  Denne samsaraen som plasserer dei svakare i eit evig kretslaup, der sjela etter dauen vert gjenfødd i andre kroppar. Og her kjem det med bruk av heile skalaen inn. Det beste ein kan oppnå etter Nirvana, er å bli gjenfødd i ein ny menneskekropp. Ein 5-ar så og seia. Mindre sjeleleg kompetente, hamnar i dyrekroppar av varierande status alt etter kor på skalaen ein har gjort seg fortent til å vera. 
Eg treff dei  stadig her, dei gjenfødde, på mi vandring utanfor landsbyen. Mange har hamna i hundekroppar, ser eg. Nokre av dei er mannevonde. Dei angrip, men eg snertar etter dei med den bambusstaven eg fekk av bror min. Då roar dei fleste seg. For vonde sjeler er ikkje alltid modige.
Ein av dei eg traff idag, var ilter. Eg tenkte, då eg såg han i augene, på om det kunne vera ein tidlegare elev. Syns eg kjende att det frekke blikket og den sleipe kjeften. Eg svingde pisken fleire gonger, som om det skulle vera peikestokken frå skulestova. Han gav seg då tilslutt, slik dei pleide å gjera desse urokråkene.

Eg gjekk uforstyrra vidare. Den gongen med Einsteins relativitetsteori. 
Denne gongen med  letta sinn, og ei viss glede over å ha meistra situasjonen.

Ein pensjonert realist som ennå har taket på elevane, tenkte eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar